Kystruten-mannskap testa positivt
Reiarlaget fortel om eit krevjande arbeid, men vil ikkje seie kor mange som har meldt frå om smitte.
I eit innlegg publisert på NETT NO måndag stadfestar Havila Kystruten-sjef Bent Martini at dei har hatt mannskap om bord på Havila Capella som testa positivt på korona.
NETT NO kjenner til at også fleire passasjerer har testa positivt etter den første seglasen Bergen-Kirkenes i desember. Etter å ha stilt spørsmål til reiarlaget om kor mange det dreia seg om – og kva for konsekvensar det eventuelt har fått for reiarlaget - fekk NETT NO tilsendt innlegget.
Martini opplyser via sin kommunikasjonsansvarlege Torill Myren at reiarlaget ikkje vil svare på spørsmål utover det som står i lesarbrevet.
Stadfestar éin positiv test
I innlegget skriv Martini at reiarlaget har éin positiv hurtigtest mellom ei mannskapsgruppe. Ingen andre testa positivt og heile gruppa med tilsette blei sett på land etterpå.
Etter det NETT NO kjenner til skal det ha vore opptil ein handfull personar som testa positivt for korona etter å ha vore på den første seglasen. I ettertid skal også reiarlaget ha oppmoda passasjerar til å teste seg.
Smitte på fleire skip
Det har også vore koronasmitte om bord på fleire skip den siste tida.
Seinast måndag var det ifølgje NRK 11 personar isolert på Hurtigruten-skipet MS Roald Amundsen. Svenske passasjerer fortalde om situasjonen til Expressen i helga.
Nyttårsaften meldte NRK om smitte om bord på eit cruiseskip til kai i Stavanger. .
Tjue ekstra tilsette i arbeid
Kystruten-sjefen beskriv vidare i sitt innlegg korleis dei jobbar med å avgrensa smitte. Han påpeiker at det er krevjande. Difor ber han også om fortgang i vurderingane til styresmaktene kring omikron-viruset.
Martini skriv mellom anna at dei har kring tjue tilsette i arbeid om bord på skipet for å handtere meirarbeidet smitteverntiltaka fører med seg.
«Vi kan ikke holde frem slik, spesielt ikke om det er slik at omikron i svært liten grad gir alvorlig sykdom», skriv reiarsjefen i innlegget.
Publisert: 03.01.2022 16:39
Sist oppdatert: 04.01.2022 08:36