Kort fortalt

Nybø møter Hurtiruten måndag

Oppvask etter bruken av skip til filminnspeling.

07.09.2020
(NPK-NTB): Næringsminister Iselin Nybø skal i møte med Hurtigruten og sjømannsorganisasjonane om bråket rundt skipet som blir brukt under «Mission Impossible»-innspelinga.
– Vi har invitert til samtale mellom Hurtigruten og sjømannsorganisasjonane for å høyre korleis dei har tenkt å løyse situasjonen som har oppstått, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Sjømannsforbundet, Maskinistforbundet, Sjøoffisersforbundet og Fellesforbundet deltek òg på møtet måndag ettermiddag.
Politiet sa til fredag at dei meiner at mannskapet om bord på skipet Fridtjof Nansen må ha arbeidsløyve for å jobbe på skipet som ligg til kai.
Skipet ligg til kai i Hellesylt i Møre og Romsdal og blir nytta til overnatting i samband med innspelinga av filmen «Mission Impossible 7».
Politiet har ikkje konkludert i saka, men i verste fall kan det filippinske mannskapet bli utviste og få innreiseforbund til Noreg. Hurtigruten kan òg bli pålagt eit førelegg.
Sjølv meiner Hurtigruten at dei ikkje bryt lova og har fått godkjent utleiga av skipet av Sjøfartsdirektoratet. Både Fellesforbundet og Sjømannsforbundet har meldt Hurtigruten for lovbrot.
Næringsminister Iselin Nybø har vore kritisk til bruken av skipet og har varsla ei lovendring.
(©NPK)

Publisert: 07.09.2020 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25