Eldar Zahl foto Susteni
NYTT STYREMEDLEM: Eldar Zahl er ein av tre nye styremedlemmar i Susteni. Foto: Susteni
Kort fortalt

Nye krefter i Susteni-styret

Solid kompetanse skal sørge for at teknologiselskapet når vekstmål.

Marius Rosbach
29.10.2024

Ivar Kvangardsnes, Eldar Zahl og Knut Eilert Røsvik er alle nye i styret til teknologiselskapet Susteni. 

Det er klart etter ei ekstraordinær generalforsamling i førre veke, ifølgje ei melding frå selskapet.

Saman med Eirik Syversen (styreleiar) og Jan Ove Kleppe (styremedlem) utgjer trioen det nye styret i Ulstein-selskapet. 

Både dei nye og eksisterande styremedlemmane har lang og solid bransjeerfaring frå sine fagområde, og stadfestar vekstambisjonane framover, skriv selskapet vidare.

Eldar Zahl er statsautorisert revisor med 42 års erfaring frå BDO, og som frå august er forretningsrådgiver i Elza Holding. 

Ivar Kvangardsnes er lang erfaring frå akvakultur og finans, og har hatt leiande stillingar Grieg Seafood og Atlantic Cod Farms. Han er óg partner i investeringsselskapet Sydvestor. 

Knut Eilert Røsvik er no COO hos Hofseth International, og har ei mangfaldig karriere frå ulike bransjar som marin industri, bioteknologi og havbruk, opplyser selskapet. 

Publisert: 29.10.2024 12:05

Sist oppdatert: 29.10.2024 12:05

Mer om