Susteni grundere foto marius
GRÜNDERTRIO: Per Arne Jarnes (f.v.), Jan Ove Kleppe og Arild Hatløy er gründerane bak selskapet som blei starta opp i fjor. Allereie er dei blitt ti tilsette. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nye investorar, fleire tilsette - og nytt verktøy

– Alle vi har snakka med seier at dette er noko dei vil ha behov for framover.

Marius Rosbach
20.03.2024

Teknologiselskapet Susteni lanserer i desse dagar eit nyutvikla analyseverktøy som skal hjelpe alt frå skipseigarar til oppdrettsselskap og brukarar av industribygg.

Energiøkonomisering er stikkordet. Målet er å spare klimautslepp og pengar.

– Ein kan gjere analyser både før større prosjekt eller endringar, og etter at det er sett i drift. Verktøyet hjelper med til å forbetre både miljøprofil og energibruk, fortel Jan Ove Kleppe til NETT NO.

Han er ein av tre gründerar som i fjor starta opp Ulstein-selskapet, saman med Arild Hatløy og Per Arne Jarnes.

Har tilsett fleire
Selskapet som held til i Ulsteinvik sentrum, har allereie vekse til å bli ti tilsette. Nyleg tilsette dei to nye personar, Andreas Fossheim og Alina Litovchenko, til å jobbe med det nye verktøyet kalla «Susteni Powersave».

– Alle vi har snakka med seier at dette er noko dei vil ha behov for framover, fortel Kleppe.

Brønnbåtreiarlaget Intership har vore pilotkunde for løysinga, og Kleppe vonar at dei vil ta dette i bruk for fleire av fartøya sine i tida framover. Eit større tankbåtreiarlag har også teke i bruk løysinga.

Nye krav vil gjelde fleire
Noko av bakgrunnen for interessa for verktøyet er nye EU-krav om utslepp og meir rapportering og dokumentasjon av energibruk. Handelsflåten er allereie kome innunder nye utsleppskrav, og andre skipssegment er på veg inn.

– Vi tek datafangsten frå systemet dei har i dag, og legg det inn i analyseverktøyet. Om ein til eksempel ønsker å sette inn ein ammoniakkmotor i eit skip, så kan ein få eit oppsett med kalkylar og kva ein sparar ved ulike alternativ, seier Kleppe.

I første omgang har dei sikta seg inn mot marknaden for ombygging av skip, men verktøyet kan like gjerne nyttast på nybygg. Havbruk og industrien på land er andre moglege brukarar.

Andreas Fossheim montasje Alina Litovchenko foto privat
NYTILSETTE: Ingeniørene Andreas Fossheim og Alina Litovchenko er nyleg tilsett i selskapet for å fronte satsinga på det nye analyseverktøyet. Foto privat

Ein rekke lokale investorar
I løpet av fjoråret fekk teknologiselskapet inn fleire nye investorar.

Medan mange har merka at det er blitt meir vanskeleg å hente kapital, kom Susteni i mål som dei ønska, og fekk inn kring 4,5 millionar i ny eigenkapital.

– Vi opplevd å få stor tillit mellom anna i det lokale investormiljøet, fortel dagleg leiar Arild Hatløy til NETT NO.

Dei har også fått inn nokre investorar frå andre kantar av landet, i tillegg til at dei fekk økonomisk støtte frå Innovasjon Norge.

– Vi opplevde å ha god timing, og samtidig var nok nivået på emisjonen rett, legg Hatløy til.

Mellom dei lokale investorane som deltok i emisjonen gjennom eigne selskap, var Gry Cecilie Sydhagen, Jan Rune Dalsøren begge frå leiinga i Metizoft, BDO-revisor Eldar Zahl og Ålesund-advokat Ole-Reinhart Notø.

Har alliert seg med ingeniørnettverk
I tillegg til dei ti tilsette i Ulsteinvik, har Susteni alliert seg med eit nettverk av ingeniørar frå ulike fagmiljø i ein rekke land. Det gjer at dei kan vere i stand til å løfte større prosjekt enn bemanninga deira i utgangspunktet tilseier.

Hatløy legg ikkje skjul på at dei har forventingar om å vekse betydeleg.

– Vi er ikkje i tvil om at desse tenestene vil bli meir aktuelt for fleire med den merksemda vi opplever kring berekraft og energibruk, seier han.

Ein del av 2023-rekneskapen til Susteni bestod av utgifter til utviklingskostnader, men i løpet av fjoråret kom også dei første inntektene på kring 7,5 millionar rullande inn.

Publisert: 20.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.03.2024 22:31

Mer om