(NPK-NTB): Auksjonen for fiskeoppdrettarar som vil utvide produksjonen av laks, er fullførte. 30 oppdrettsselskap har kjøpt løyve for nesten 6 milliardar kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet heldt måndag auksjon av nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.
Løyva er selde i produksjonsområde langs kysten der miljøsituasjonen er vurdert som god.
– No har vi selt nye lakseløyve for rekordhøge seks milliardar kroner, dobbelt så mykje som førre auksjon. Dette stadfestar at vi har ein framoverlent og offensiv næring. Det er bra, og viktig for arbeidsplassar og verdiskaping langs kysten, seier fiskeri- og sjømatminister Odd-Emil Ingebrigtsen (H).
I tilsvarande auksjon som vart gjennomført i 2018, kjøpte 14 oppdrettsselskap lakseløyve for 2,9 milliardar kroner.
42 selskap hadde meldt seg på årets auksjon, og til saman vart det auksjonert løyve for produksjon av 27.000 tonn laks.
– Det gler meg at så mange selskap har kjøpt nye løyve, og at det er stor variasjon blant oppdrettarane som har vunne fram. Dette viser at auksjonar kan vere ei god tildelingsform for både små, mellomstore og store oppdrettarar, seier fiskeri- og sjømatministeren.
(©NPK)

Publisert: 19.08.2020 13:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25