Kort fortalt

Nye NIS-reglar etter filmbråk

Får ikkje drive næringsverksemd til kai.

21.09.2020
(NPK-NTB): Styresmaktene reagerte då cruiseskipet Fridtjof Nansen vart brukt som hotell under «Mission: Impossible»-innspelinga. No blir regelverket gjort tydeleg.
Kjernen til striden var om bruken av skipet som hotell er i strid med lova eller ikkje.
Skipet er nemleg registrert i norsk internasjonalt skipsregister (NIS), og departementet meiner at verksemda er i strid med NIS-lova. Hurtigruten har sidan bytt ut skipet med MS Finnmarken.
No foreslår departementet ei forskriftsavgjerd om at NIS-registrerte passasjerskip ikkje kan drive næringsverksemd i norske hamner.
– Eg er fornøgd med at Hurtigruten har teke signala på alvor og bytt til eit skip registrert i norsk ordinært skipsregister (NOR). Eg har vore krystallklar på at det har vore i strid med regelverket for NIS-skip å drive hotellverksemd i norske hamner. Forslaget vi no sender ut på høyring, skal bidra til at det ikkje lenger skal vere nokon tvil om dette, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Publisert: 21.09.2020 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25