Kort fortalt

Nye område for havvind

Opnar Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II.

12.06.2020
NPK-NTB: Områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II blir opna for søknader om fornyeleg energiproduksjon til havs.
Det tyder at det blir mogleg å søkje konsesjon til vindkraftprosjekt til havs, opplyser Olje- og energidepartementet i ei fredag.
– For første gong vil det bli mogleg å søkje konsesjon for større prosjekt for vindkraft til havs på norsk sokkel. Vindkraft fører med seg store moglegheiter for norske verksemder. Vi treng fleire bein å stå på i det grøne skiftet, og dette er eit stort steg for havvindnæringa i Noreg, seier olje- og energiminister Tina Bru (H).
Områda blir opna frå 1. januar neste år. Det er sett grenser for kor store utbyggingar som kan tillatast.
– Samla ligg områda til rette for 4.500 megawatt med vindkraft, noko som gir rike moglegheiter for utvikling, seier Bru.
Utsira Nord ligg vest av Utsira og Haugalandet. Sørlege Nordsjø II grensar mot dansk økonomisk sone søraust i Nordsjøen.

Publisert: 12.06.2020 12:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26