Kort fortalt

Nye permitteringar ved IP Huse

Kring 25 tilsette råka ved Harøya-bedrifta.

04.05.2021

IP Huse har sendt ut permitteringsvarsel som kan råke om lag 25 av dei tilsette frå midten av mai, melder avisa Nordre.

– Det stemmer at vi har sendt ut permitteringsvarsel. Vi har dessverre ikkje klart å skaffe tilstrekkeleg arbeid til våre tilsette i perioden vi går inn i, og må difor mellombels tilpasse oss den oppdragsmengda vi har framover, seier Morten Hopland, som er administrerande direktør ved IP Huse, til avisa.

Nedgangen i oljeindustrien har vore krevjande for Harøya-bedrifta, som har levert mykje utstyr til Kongsberg Maritime. Dei jobbar no hardt for å få eit solid bein innanfor restaurering og nybygg av vasskraftturbinar, ifølgje avisa.

Publisert: 04.05.2021 10:59

Sist oppdatert: 04.05.2021 11:01

Mer om