NPK: – Skal oppdrettsnæringa veksa må vi ta kampen mot sjukdom på alvor. No skjerpar vi innsatsen mot smittespreiing og gjer handteringa av utbrot meir effektiv, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
Den nye forskrifta inneber at det blir oppretta ei PD-sone frå Jæren til Nord-Trøndelag. I denne sona er det lagt opp til at ein lever med laksesjukdommen PD, men at ein over tid prøver å gjera utbreiinga av sjukdomen mindre.
To overvakingssoner skal dekkja resten av kysten. For å redusera risikoen for smitte skal grensa mellom PD-sona og dei andre sonene forsterkast. Dersom det oppstår utbrot i overvakingssona betyr det likevel ikkje at fisken automatisk blir slakta.
– Erfaringane har vist at koordinert drift og brakklegging kan vera vel så effektive som enkeltvise utslaktingsvedtak når sjukdommen oppstår, seier fiskeriministeren.

Publisert: 29.08.2017 20:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41