Kort fortalt

Nynorskpris til Fjord1

Heider for god nynorskbruk.

29.08.2023

Nynorsk kultursentrum og Vener av Vinjesenteret tildelte Fjord1 og matkonseptet Ferdamat, Storegutprisen, for god bruk av nynorsk i det offentlege rom.

Reiarlaget mottok prisen under Litteraturdagane i Vinje sist laurdag.

– Vi meiner at Fjord1 og Ferdamat fyller tildelingskriteriet og vel så det! Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, og Fjord1 gjer det som ein naturleg del av verksemda. Dei viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, fortel leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga.

Prisen har namn etter diktsamlinga Storegut av Aasmund Olavsson Vinje.

Publisert: 29.08.2023 09:20

Sist oppdatert: 29.08.2023 09:20

Mer om