Kort fortalt

Nytt bompengegebyr godkjent

Må betale gebyr for å få rabatt.

NPK
13.04.2023

Vegdirektoratet seier ja til at du må betale eit månadleg abonnement på bombrikka i bilen. Gebyret kan koste bilistane nær 200 millionar kroner i året.

Bombrikkeutferdaren Flyt har varsla at dei vil ta 5 kroner i månadleg gebyr for Autopass-brikka som du må ha i køyretøyet for å få rabattar på bompasseringane.

Det nye bompengegebyret vart først stempla ulovleg av samferdselsstyresmaktene, men no har Vegdirektoratet konkludert med at Flyt likevel kan ta eit månadleg gebyr for bompengebrikka, skriv Motor.

Vegdirektoratet opplyser at også dei andre bombrikkeutferdarane, som Fremtind Service og Skyttelpass, kan innføre det nye gebyret. Ingen av dei to nemnde har planar om å innføre ei liknande abonnementsordning, opplyser dei til Motor.

Direktoratet opplyser at dei i si vurdering har vist til at bompengereforma har medført at vi no har fått kommersielle innkrevjarar.

– Det tilseier at utferdarane må ha noko fridom til å innrette gebyrordninga slik dei ønskjer. Andre utferdarar vil dermed også kunne innføre eit månadleg gebyr, skriv Martin Berger Holm i Vegdirektoratet.

Ved utgangen av 2020 var det 2,8 millionar Autopass-kundar. Dersom også resten av brikkeutferdarane innfører gebyret, vil eit månadsgebyr på 5 kroner utgjere cirka 180 millionar kroner årleg i auka bompengegebyr. Gebyret vil gå til administrasjon av bombrikke-selskapa, og ikkje til nedbetaling av bompengegjelda.

Publisert: 13.04.2023 10:34

Sist oppdatert: 13.04.2023 10:34