Kort fortalt

Nytt frimerke til frigjeringsdagen

Posten markerer 75 år etter frigjeringa. 

05.05.2020
NPK-NTB: Fredag er det 75 år sidan Noreg vart fri frå den fem år lange nazistiske okkupasjonen av landet. Det feirar Posten med å gi ut eit nytt frimerke og eit miniatyrark.
Koronakrisa set ein effektiv stoppar for alle planar om å feire 75-årsdagen for avslutninga av andre verdskrigen i Noreg med brask og bram.
Markeringane rundt frigjeringsdagen i 2020 vil føregå utan publikum og gjester, og utan representantar frå regjeringa. Det vil bli både kransleggingar, flaggheis og saluttar, men alt utan publikum til stades. Dette kjem mellom anna av at mange som vil møte på slike markeringar, er eldre menneske som er i risikogrupper.
Men Posten markerer i det minste fredsjubileet med utgiving av både av frimerke og miniatyrark.
Jubileumsfrimerket har eit motiv frå ein annan historisk dag for 75 år sidan – 7. juni. Det viser kong Haakon kome heim på norsk jord etter krigen, medan kronprinsesse Märtha, prins Harald og prinsessene Ragnhild og Astrid er i sjaluppen som førte dei til Honnørbrygga i Oslo.
Frimerket er òg ein del av eit miniatyrark som blir gitt ut samtidig. Det viser i tillegg nordsjøfarten med MK «Erkna» – den eldste kvalbåten i landet som under krigen vart kjend som den båten som frakta flest personar over til Shetland – første gong med 60 personar om bord. Skipet er i dag verna av Riksantikvaren.
Miniatyrarket inneheld òg motiv frå ein konvoi, motstandsmennene og -kvinnene representert ved ein radiooperatør og eit flydropp.
– Utgivinga blir spesielt viktig når dei fleste av markeringane som var planlagde i samband med jubileet, er avlyste på grunn av den krevjande situasjonen landet er i no, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).
Frimerket og miniatyrarket er designa av Martin Mörck. Dei er i sal frå jubileumsdagen 8. mai.

Publisert: 05.05.2020 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27