(NPK-NTB): Norsk olje- og gassverksemd hadde det andre gode året sitt på rad som eit resultat av høge olje- og gassprisar i 2018. Men framtida er langt frå roseraud, meiner SSB.
Førebelse tal for olje- og gassutvinning og utvinningstenester viser ein auke i produksjonsverdi på 25,2 prosent, frå 629 milliardar i 2017 til 788 milliardar i 2018, ifølgje tal frå
I tillegg til høgare prisar har nedgangen i produksjonsvolum vore moderat i perioden og vore medverkande til den høgare produksjonsverdien.
Samtidig har sysselsetjinga vore stabil målt mot året før, noko som kjem av nedbemanninga i bransjen og kostnadskutt dei siste åra. SSB meiner dette vitnar om at årets resultat snarare er ein svanesong frå utvinningsnæringane enn ein retur til tidlegare stordom.
Produksjonen i 2018 gjekk nemleg ned, og det er ingen teikn på at utvinningsnæringane kan førebu seg på meir aktivitet framover, skriv SSB.
Tenestenæringane står for ein betydeleg mindre del av produksjonsverdien enn utvinningsnæringane og har i lang tid hatt ei langt mindre stabil sysselsetjing enn i utvinningsbransjen. Tenesteytande næring er òg meir utsett for utviklinga i marknaden år for år.
SSB ser likevel teikn på at dette er i ferd med å endre seg. I 2018 auka nemleg produksjonsverdien med 9,3 prosent og sysselsetjinga med heile 17,2 prosent i denne bransjen. SSB trur derfor på ei lysare framtid innan tenestenæringane.
(©NPK)

Publisert: 18.12.2019 11:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31