Kort fortalt

Nytt namn på felles straumselskap

Wattn blir lansert til hausten.

Marius Rosbach
25.06.2021

Dei tre selskapa som driv med rådgiving og sal av straum i energikonserna TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi (SFE), Tussa og Sognekraft, har slått seg saman.

Namnet på det nye selskapet blir Wattn, og dei skal ha eit tydeleg lokalt fotfeste, med ambisjonar om å vekse også nasjonalt, heiter det i ei pressemeldinga.

Wattn blir leia av tidlegare Ekornes-direktør Øystein Vikingsen Fauske og namnet skal endeleg lanserast til hausten.

Alle som jobbar i dei fire straumselskapa er med vidare, og kontora i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta og Vik i Sogn vert oppretthalde. Selskapet har i alt 50 tilsette.

Publisert: 25.06.2021 09:44

Sist oppdatert: 25.06.2021 09:48

Mer om