Kort fortalt

Nytt olje- og gassfunn i Nordsjøen

Equinor fann olje i gjennomsøkt område.

08.07.2020
NPK-NTB: Equinor og to partnarar har gjort eit funn på 19 til 63 millionar fat oljeekvivalentar i Nordsjøen.
– Det er oppløftande at vi klarer å påvise stadig fleire ressursar i eitt av dei aller mest modne områda på norsk sokkel, seier leitedirektør for norsk sokkel Nick Ashton i Equinor.
Det vart funne om lag 17 kilometer sør for Kvitebjørn-feltet og 10 kilometer nord for Huldra-feltet, som begge ligg vest for Florø. Havdjupna på staden er 142 meter.
– No startar arbeidet med å evaluere potensialet for ei lønsam og CO2-effektiv utvinning, seier Ashton.
Equinor har ein del på 60 prosent av utvinningslisensen, medan Source Energy og Wellesley Petroleum AS har 20 prosent kvar.

Publisert: 08.07.2020 15:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26