Liv Anette Valaker Røren og Alf Røren foto Ogne
VEKST: Liv Anette Valaker Røren og Alf Røren driv både industribakeriet i Søvika og Valaker Bakeri og Konditori. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Nytt toppår for bakeriselskap

Bakte Coop-varer for meir enn 100 millionar i fjor.

Marius Rosbach
09.08.2023

Goman Nordvest fekk eit nytt toppår i 2022 med ei omsetning på knappe 106 millionar – opp kring fire millionar frå året før.

Resultatet blei litt svakare med eit resultat før skatt på 4,2 millionar kroner.

Fjoråret var krevjande grunna endringar i etterspurnaden frå forbrukarane, kostnadsnivå og tilgang på råvarer, ifølgje årsrapporten.

I årsmeldinga skriv selskapet at dei ventar eit godt resultat for 2023.

Goman Nordvest As
Tal i mill. kroner
2020
2019
Driftsinntekter
105,9
102,1
Driftsresultat
4,2
7,1
Resultat før skatt
4,2
7,1

Selskapet som lagar bakeri og konditorivarar til Coop-butikkane, held til på Søvik. Eigarskapen er delt mellom Coop-konsernet (50 prosent), Liv-Anette Valaker Røren (33 prosent) og Rune Valaker (17 prosent).

Valaker-familien eig også Valaker Bakeri og Konditori som opplevde kraftig vekst i fjor.

Publisert: 09.08.2023 12:25

Sist oppdatert: 09.08.2023 12:48

Mer om