Liv Anette Valaker Røren og Alf Røren foto Ogne
VEKST: Liv Anette Valaker Røren og Alf Røren driv både industribakeriet i Søvika og Valaker Bakeri og Konditori. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftig vekst for Valaker

Oppgraderte butikkar og pandemien som slapp taket, gjorde det travelt bak kakedisken.

13.04.2023

Valaker Bakeri og Konditori auka driftsinntektene frå 56,7 til 80,5 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord med klar margin.

Veksten skuldast dels at datterselskapa Moa Konditori og Braud Digernes vart slått saman med morselskapet frå årsskiftet 2021/2022, men óg at salet i butikkane auka.

Dei to dotterselskapa og morselskapet hadde til saman 72,4 millionar kroner i driftsinntekter i 2021. Den reelle inntekstveksten er dermed 11,5 prosent frå 2021 til 2022.

Oppgradering
Det er oppgradering av fleire butikkar og effekten av at koronarestriksjonane vart oppheva i 2022, som er forklaringa på inntekstveksten i butikkane, ifølgje årsmeldinga til Valaker Bakeri og Konditori.

Under Braud-varemerket har selskapet utsal i Vestnes, på Digernesskiftet og på Moa. Under Valaker-varemerket er det ni utsal; ved hovudkontoret og bakeriet i Søvika i Haram, i Ålesund, Ulsteinvik og Fosnavåg.

Valaker Bakeri og Konditori driv også eit bakeri med ei større geografisk distribusjon enn Sunnmøre.

Bakeriet selde for 22,5 millionar kroner i fjor, omlag som året før. Inntektene frå butikkutsala utgjorde 32,1 millionar kroner i 2021 og 56,3 millionar kroner i 2021.

Valaker Bakeri og Konditori as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt80,556,7
Driftsresultat11,65,9
Resultat før skatt11,98,4

Koronastopp
I 2020 stengde dagleg leiar Liv-Anette Valaker Røren alle utsala og permitterte tilsette berre få dagar etter at regjeringa kom med koronatiltaka 12. mars.

Først etter to-tre månadar var alle opna igjen og i full drift.

Lærdomen frå 2020 var at det går an å drive med lågare kostnadar enn selskapet hadde. Det gjeld mellom anna bemanning og svinn.

Valaker Bakeri og Konditori er eigd av Liv-Anette Valaker Røren og Alf Røren (66 prosent) og Rune Valaker (34 prosent).

Dei eig tilsaman også 49,99 prosent av bakeriet Goman Nordvest i Søvika, saman med Coop-eigde Goman.

Publisert: 13.04.2023 09:28

Sist oppdatert: 13.04.2023 13:06

Mer om