Lønsam lærdom i koronaåret
Valaker Bakeri og Konditori auka lønsemda i fjor og utvidar i år.
Med ny butikk på Valderøya og og utvida butikk på Vestnes i løpet av året kjem Valaker Bakeri og Konditori opp i 13 butikkar/kaféar på Nordvestlandet.
I fjor stengde dagleg leiar Liv-Anette Valaker Røren alle utsala og permitterte tilsette berre få dagar etter at regjeringa kom med koronatiltaka 12. mars.
Først etter to-tre månadar var alle opna igjen og i full drift.
- Vi kutta lønskostnadar og kostnadar generelt og så hadde vi som mange andre i serveringsbransjen ein fantastisk sommar med god omsetning. Totalt på året var omsetninga nesten den same som vi hadde uten korona, , seier Valaker Røren.
Valaker Bakeri og Konditori as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 53,1 | 56,5 |
Driftsresultat | 7,9 | 5,1 |
Resultat før skatt | 8,2 | 5,0 |
Tek med seg lærdom
2020 var eit år med mykje uvisse, både for selskapet og dei tilsette, men ei rekordgod sommarsesong kompenserte for nesten heile nedgangen då butikkane var stengde.
- Vi kom oss gjennom det godt, med alle damer og menn i behald, seier Valaker Røren.
Valaker Bakeri og Konditori sysselsette 44 årsverk i 2020.
Lærdomen frå 2020 er at det går an å drive med lågare kostnadar enn selskapet hadde. Det gjeld mellom anna bemanning og svinn.
Selskapet utvidar mellom anna kjøkkenet på Moa for å kunne forsyne andre Valaker-utsal i nærleiken med ferske varer fleire gangar om dagen. Det handlar om å tilpasse produksjonen betre til dagens etterspørsel, og på den måten reduser mengda mat som blir kasta.
Utvidar Digernesskiftet-konseptet
I november i fjor opna datterselskapet Braud Digernes butikk og bakeri på Digernesskiftet i Skodje.
Braud Digernes bakar brød, anna bakverk sjølv og pizza sjølv. Selskapet er ein del av innkjøpssamarbeidet i Valaker-systemet, men driv elles som ei sjølvstendig verksemd, og kombinerer bakeriutsal/kafe/pizziera i ein butikk.
Denne modellen tek Valaker Bakeri med seg til den nye butikk/kaféen som blir etablert på handelsområdet ved Gjøsund på Valderøya og inn i den utvida butikken på Vestnes. Begge skal opnast i løpet av året.
Valaker Bakeri og Konditori er eigd av Liv-Anette Valaker Røren og Alf Rørene(66 prosent) og Rune Valaker (34 prosent).
Dei eig tilsaman også 49,99 prosent av bakeriet Goman Nordvest i Søvika, saman med Coop-eigde Goman.
Publisert: 20.04.2021 11:09
Sist oppdatert: 20.04.2021 11:25