Formfin utemøbler innfelt geir ove vegsund foto formfin sykkylven kommune 11
KREVJANDE FJORÅR: Møbelprodusenten i Hundeidvika blir leia av Geir Ove Vegsund (innfelt). 2022 blei eit krevjande år, viser årsmeldinga. Foto: Formfin/Sykkylven kommune.
Kort fortalt

Nytt underskot for Formfin

Minustal etter to år i pluss for møbelprodusenten.

Marius Rosbach
16.08.2023

Etter at 2021 vart eit toppår med rekordhøg omsetning og det største overskotet på meir enn ti år, snudde pilene for Formfin i fjor.

Rekneskapen for Sykkylven-bedrifta viser eit underskot på drygt 2,6 millionar kroner frå ei omsetning på litt under 50 millionar. Inntektene er lågare enn dei har vore dei to siste åra, og tilbake på nivå med 2019.

Geir Ove Vegsund som er dagleg leiar og medeigar i møbelprodusenten i Hundeidvika, var spent på utviklinga i fjor sommar – og ved årsskiftet var han klar på at hadde vorte tøffare tider.

- Vi merka endringa litt før ferien og så har vi hatt jamnt mindre å gjere kvar månad, sa han til NETT NO i januar i år.

Styret skriv i årsmeldinga at 2022 var eit krevjande år. Samtidig har dei lagt ein ny forretningsstrategi, mellom anna med ny logo og grafisk profil.

Framover skal Formfin satse på eksport, og har eit mål om å auke inntektene med 50 prosent innan fem år. Då skal eksportinntekter utgjere kring 20 prosent.

Eigenkapitalen ved utløpet av året var på 5,8 millionar og langsiktig gjeld var på 3,7 millionar kroner, ifølgje årsmeldinga.

Formfin Møbler as
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
49,5
66,2
Driftsresultat
-2,6
3,5
Resultat før skatt
-3
3,3

Publisert: 16.08.2023 10:02

Sist oppdatert: 16.08.2023 10:04

Mer om