Spent Formfin-sjef
Formfin hadde sitt beste år sidan 2015 i fjor. No er sjefen spent på utviklinga.
2021 vart det tredje året på rad med auka driftsinntekter for møbelprodusenten Formfin Møbler i Hundeidvika. Bedrifta er no oppe i 42 tilsette.
I 2018 og 2019 gjekk selskapet med 11,7 millionar kroner i minus før skatt. Både i 2020 og 2021 vart det plussresultat.
Den gode utviklinga held fram i starten av 2022, men etter første kvartal gjekk det tregare
Pris- og leveringuvisse
- No merka vi at det stoppa litt opp i april, så vi er veldig spent på utviklinga utover, seier dagleg leiar og medeigar Geir Ove Vegsund.
Det er både prisutvikling på råvarene og andre innsatsfaktorar og leveringssituasjonen Vegsund er usikker på.
Formfin Møbler har fleire av leverandørane sine i Sykkylven og saman har dei bygd opp eit «betydeleg lager» for å sikre at selskapet har råvarene det treng, seier Vegsund.
Nye eigarar
Vegsund kom inn på eigarsida etter at Formfin Møbler henta inn ny kapital i 2020.
Dei opphavlege eigarane eig 32,982 prosent av Formfin gjennom Stol og Møbelfabrikken Formfin As.
Dei nye medeigarane, Craft Products og Råna Invest, eig 33,509 prosent kvar. Craft Products er eigd av Vegsund.
Les også
Vårknipe
Nett no har Formfin Møbler tredagarsveke for å handtere etterspørselssvikten i det møbelbransjen kallar vårknipa. Planen er å gå attende til full arbeidsveke i løpet av mai, ifølgje Vegsund.
Selskapet har Bohus-kjeda som største kunde, og fekk for tre år sidan også Skeidar på kundelista, etter at avtalen med Møbelringen vart avslutta i 2017.
Selskapet har fått uttelling både på produktutvikling, kraftigare satsing på stolar i tillegg til sofa, og på utemøbelane sine, ifølgje Vegsund.
- Vi har hatt ei god utvikling sidan 2019, seier han.
Formfin Møbler as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 66,2 | 54,6 |
Driftsresultat | 3,5 | 3,3 |
Resultat før skatt | 3,3 | 2,9 |
Publisert: 09.05.2022 05:00
Sist oppdatert: 16.05.2022 14:11