NPK: Frå 1. juni er det krav om utvida røkting av fiskereiskap som står i sjøen. Garn, liner og teiner skal sjekkast minimum ei gong i veka dersom ikkje anna er bestemt.
Fram til no har det vore krav om at garn, ruser og teiner for enkelte artar skal sjekkast med bestemte mellomrom. No vert reglane utvida til å omfatte alle typar garn, liner og teiner langs heile kysten. Det vil ikkje medføre endringar for reiskapstypar eller fiske og fangst etter arter som alt er pålagt ei røktingsplikt.
– Vi har grunn til å tru at det står reiskap i sjøen som ikkje blir røkta og som er etterlaten av eigar. Fiskeridirektoratet har fått tips og meldingar om mange bruk som står i sjøen, og noko av dette er tatt opp av oss, Kystvakta eller eigar, men mykje står truleg igjen. Dette viser at det er behov for ei innskjerping av røktingsplikta, og det har vi no fått til, seier seksjonssjef Trond Ottemo i reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Når reiskap, av ulike grunnar, blir ståande att i sjøen og fiske oppstår såkalla spøkelsesfiske, som fører til dårleg dyrevelferd og ei ukjent fangsting av ressursar.

Publisert: 29.05.2020 15:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26