(NPK-NTB): Flaskevatnet Olden er på veg heilt ut av Rema 1000.
I fjor vart det fylt 8 millionar liter kjeldevatn på flaske på tapperiet i Oldedalen. Ifølgje kommunikasjonsansvarleg Anette Karlsen i Hansa Borg Bryggerier blir 25 prosent av alle Olden-produkt selt gjennom daglegvarekjeda Rema.
– Dei tilsette er sjølvsagt triste. Vi har ein liten fabrikk i Oldedalen, med åtte lojale og flinke tilsette. No går dei 50 prosent heime og håpar på betre tider, seier Karlsen til .
Tidleg i 2016 vart ein del av Olden-produkta fjerna frå butikkhyllene. Frå slutten av februar er Olden-flaskene historie i Remas butikkhyller.
Karlsen understrekar at dei ønskjer eit godt samarbeid med Rema 1000, men oppfordrar samtidig forbrukarane til å velje butikkar som har dei produkta dei ønskjer å kjøpe.
Ifølgje direktøren for kommunikasjon og samfunnskontakt i Rema, Mette Fossum, viser tala til Olden at 15 prosent av omsetning skriv seg frå Rema-butikkane.
– Eg kan vanskeleg sjå at ei omsetning på 15 prosent kjem til å velte heile Olden. Omsetnaden i våre butikkar har gått nedover, fordi kundane har valt bort Olden, seier Fossum.

Publisert: 11.01.2017 15:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43