Statoils leiargruppe for drift og produksjon bestemte dette endeleg 12. november, etter at planane har vore kjende ei stund.
Det er forsyninga av Gullfaks, Veslefrikk og andre viktige installasjonar på Tampen som skal flyttast sør for fylkesgrensa.
I framtida vil Fjord Base berre forsyne Snorre og Visund, der konsesjonsvilkåra frå Stortinget slår fast at dette skal skje frå Florø. I tillegg vil Fjord Base behalde røyrlageret.
Endringa er ein del av Statoils plan for effektivisering og kostnadskutt.
I Sogn og Fjordane er reaksjonane sterke. Ein tredel av oljeproduksjonen i Nordsjøen skjer rett utanfor fylket, men berre 1,3 prosent av den landbaserte sysselsettinga i næringa er knytt til Sogn og Fjordane. Tilsvarande har Møre og Romsdal 8 prosent og Hordaland 20 prosent.
- Statoil rikkar seg ikkje og køyrer sitt løp. Dei tek ikkje omsyn til argumenta våre om samfunnsansvar, og at vi meiner dei går utanom konsesjonskrava. Dei prøver seg, og det er ikkje første gongen, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) til .
Ho har bede om eit møte med olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Publisert: 14.11.2013 12:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22