NPK-NTB: Arbeidsløysa fell, og oljebransjen slit med å finne folk. No ser næringa mot utlandet, ifølgje Nav.
I oljefylket Rogaland peikar pilene oppover igjen. I år er arbeidsløysa 3,5 prosent. Det er 26 prosent færre enn på same tid i fjor, melder Rogalands Avis.
– Dei fleste økonomar er einige om at ved ei arbeidsløyse på 2,5 til 3 prosent, så skjer det eit skifte i arbeidsmarknaden. Då går ein frå eit overskot av arbeidskraft, til mangel på arbeidskraft, seier seniorrådgjevar Truls Nordahl i Nav Rogaland til avisa.
Han fortel at det no begynner på bli mangel i fleire sektorar, spesielt oljenæringa.
– Det er ikkje kjempekritisk enno, men vi høyrer om aukande bekymring blant bedriftene, seier han.
Derfor ser Nav igjen mot utlandet, akkurat som dei gjorde i «glansdagane» før oljekrisa i 2014.
Men sjølv om arbeidsløysa har gått ned i oljenæringa, er dei fleste av dei nye jobbane mellombelse.
– Selskapa er framleis i ei omstilling. Dei tener ikkje nok pengar til at dei tør å tilsetje faste, seier Nordahl.

Publisert: 08.08.2018 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38