Kort fortalt

Oljebransjen ventar fall etter 2020

Vil ha tiltak for å halde oppe aktiviteten.

12.12.2019
(NPK-NTB-Johan Falnes): Investeringane på norsk sokkel blir anslått å falle markant etter 2020. No etterlyser oljebransjen tildeling av «attraktive» areal for å halde aktiviteten oppe.
Neste år ligg an til å bli eit toppår på norsk sokkel. Men etter 2020 peikar pilene nedover, ifølgje Norsk olje og gass.
Bransjeorganisasjonen la torsdag fram nye prognosar der investeringar på norsk sokkel blir rekna til 194,6 milliardar kroner i 2020. Målt i faste prisar er det ein auke på 3,8 prosent frå 2019.
Etter 2020 blir investeringane derimot venta å falle «markant».

Manglar nye prosjekt

Bakteppet er manko på store nye utbyggingar på norsk sokkel.
Det er utbygginga av Johan Sverdrup-feltet, saman med auka kostnadsanslag for fleire prosjekt, som ligg bak auken i 2020. Men Johan Sverdrup er det største prosjektet på norsk sokkel på mange år, og det er ingen andre prosjekt under planlegging som er nær denne storleiken.
Skal investeringane komme opp igjen, må det gjerast nye funn, konstaterer administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass.
– Basert på funna ein no har gjort, vil neste år vere toppår, seier han til NTB.

Ventar på nye utlysingar

Schjøtt-Pedersen viser til at om lag halvparten av ressursane på norsk sokkel framleis står att. Han meiner det er avgjerande å få bygd ut lønnsame prosjekt medan dagens infrastruktur framleis er intakt.
– Det er derfor avgjerande at ein høg leiteaktivitet blir halden oppe på heile sokkelen, og at attraktive areal blir tildelte, slik at vi kan halde oppe produksjonen og skape arbeidsplassar og inntekter, sa Schjøtt-Pedersen då han presenterte dei nye investeringsprognosane.
Overfor NTB trekker han fram 25. konsesjonsrunde som døme. Denne er no utsett i vente på den nye forvaltningsplanen for Barentshavet, som skal leggast fram til våren.
Oljebransjen er heilt avhengig av at desse utlysingsrundane blir gjennomførte, påpeikar Schjøtt-Pedersen.

Ber om stabile rammer

Ei anna bekymring er rammevilkåra for norsk sokkel, til dømes skatteregimet. Oppstår det uvisse om desse rammevilkåra, vil investeringane kunne falle dramatisk fordi prosjekt blir lagde til side, åtvarar Schjøtt-Pedersen.
– Stabilitet er heilt avgjerande for å nå dei investeringstala vi anslår, seier han.
På lengre sikt er det likevel klart at olje- og gassaktiviteten skal ned. Schjøtt-Pedersen viser her til utrekningar frå Equinor som tyder på at produksjonen på norsk sokkel vil halverast innan 2050, sjølv om leiteaktiviteten blir halden oppe.
Det kjem ikkje berre av at verda går over til fornybar energi, ifølgje Schjøtt-Pedersen. Tvert imot er det heilt naturleg fordi sokkelen blir tømd for olje og gass.
(©NPK)

Publisert: 12.12.2019 12:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31