Kort fortalt

Oljekrisa uroar studentane

Sju prosent vurderer å skifte studie.

06.04.2016
(NPK-NTB): Dei tronge tidene i oljebransjen skremmer studentane. 7 prosent seier dei har vurdert å byte studieløp som følgje av oljekrisa.
Talet kjem fram i ei undersøking gjennomført av Sentio på oppdrag for Norsk Studentorganisasjon (NSO) og . 7 prosent av studentmassen i Noreg svarar til 20.000 studentar.
I undersøkinga fekk deltakarane også spørsmål om kva dei trudde ville påverke framtida deira mest. 29 prosent svarte krisa i petroleumsnæringa, og dermed er det berre klimaendringar som skremmer norske studentar meir enn fallet i oljeprisane.
Kompetansedirektør Are Turmo i NHO vil ikkje tilrå studentar å byte studium på grunn av uvissa i arbeidsmarknaden.
– Vi må ha fleire tankar i hovudet samtidig. Noreg trenger denne typen kompetanse samtidig som vi satsar ytterlegare på å auke kompetansen mot grøne næringar, seier Turmo til Universitas. (©NPK)

Publisert: 06.04.2016 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47