NPK-NTB: Oljemessa ONS, som blir halden i Stavanger annakvart år, blir avlyst for 2020. Fleire utstillarar krev pengane sine tilbake, men det vil bli fatalt for ONS.
For éi veke sidan melde at rundt 400 utstillarar skulle til oljemessa og hadde førehandsbetalt rundt 85 millionar kroner til ONS i Stavanger, ein av dei største energimessene i verda. Dei vil bli tilbodne halv pris neste gong – på 2022-messa – noko mange er misnøgde med. Dei krev full tilbakebetaling.
– Kompensasjonen kostar oss opp mot 40 millionar kroner. For oss handlar det om å overleve slik at næringa kan ha ein møteplass i framtida. Skulle vi tilbakebetalt heile beløpet, ville det bety kroken på døra for ONS, seier administrerande direktør for stiftelsen ONS, Leif Johan Sevland, til Stavanger Aftenblad.
Messa skulle vore arrangert mellom 31. august og 3. september, men vart pålagt av norske styresmakter å avlyse på grunn av koronapandemien. Rundt 100 norske leverandørselskap, som var påmelde til årets messe med eigen stand, krev tilbakebetaling frå ONS.
Sevland seier ONS ikkje kan nytte seg av nokon støttepakkar frå styresmaktene, og påpeikar at ONS ikkje er juridisk forplikta til å gi refusjonar.
– Vi meiner at tilbodet om 50 prosent rabatt i 2022 er ei ufatteleg arrogant behandling av utstillarane. Vi er rett og slett overraska og sjokkerte, seier Geir Christian Helgesen i selskapet Framo, som er ein av initiativtakarane bak eit brev til Stiftelsen ONS frå fleire av utstillarane som var påmelde til messa.

Publisert: 20.05.2020 08:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27