Oljeprisen stig kraftig etter at Saudi-Arabia, Kuwait og Dei sameinte arabiske emiratar søndag kunngjorde at ein frå og med mai vil kutte råoljeproduksjonen med 1,1 millionar fat dagen.
Eitt fat nordsjøolje vert måndag morgon handla til 83,50 dollar, ein oppgang på nesten fem prosent.
Også den norske krona styrka seg kraftig søndag, men har måndag morgon falle tilbake.
Publisert: 03.04.2023 08:08
Sist oppdatert: 03.04.2023 08:08