NPK-NTB: Verdien av utbyggingsplanane som oljeselskapa leverer i år vil auke med 100 milliardar kroner frå i fjor, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).
I første halvår er det levert inn utbyggingsplanar til Olje- og energidepartementet med ein verdi på rundt 43,9 milliardar kroner. Til samanlikning vart det i heile fjor levert inn fem utbyggingsplanar til ein verdi av 26 milliardar kroner, skriv .
– Det seier litt om at det er arbeid på gang og nye utbyggingar på gang som vil generere både sysselsetting og store verdiar for fellesskapet. Det er positive utviklingstrekk, seier Søviknes.
Han legg til at departementet forventar å få inn totalt ti utbyggingsplanar til ein verdi av 125 milliardar kroner ved slutten av året.

Publisert: 03.08.2017 10:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41