Kort fortalt

Olympic-avtale med Bibby Offshore

Herøy-reiarlaget Olympic Shipping har inngått ein lengre avtale med Bibby Offshore om leige av det nye subsea konstruksjonsfartøyet "Olympic Ares".

30.12.2013
Dette opplyser Subsea World News. Som ein del av avtalen skal "Olympic Ares" installere to 150 hestar store Quasar ROV-ar. Dei to fjernstyrte undervassfartøya skal leverast av selskapet Bibby Remote Intervention Limited. I følgje Subsea World News skal leigeavtalen med Aberdeen-baserte Bibby Offshore gjelde for 2014, med høve til forlenging.
Det 115 meter lange subsea konstruksjonsfartøyet vart overlevert frå Kleven Verft til Olympic Shipping i oktober i år. Fartøyet skulle opphaveleg gå på ein femårig avtale for Reef Subsea, men kontrakten vart terminert.

Publisert: 30.12.2013 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22