Tysdag inviterer reiarlaget til ope båt når nye Leinebris kjem til heimehamn i Herøy. Herøy-reiarlaget har nyleg fått overlevert nybygget frå Tersan-verftet i Tyrkia.
Båten er venta heim til Leinane tysdag ettermiddag og det vil vere mogleg å kome om bord nokre timar i etterkant.
Den drygt 67 meter lange fiskefartøyet er ein kombinert line-, garn- og snurrevadbåt, som også har fabrikk for filetproduksjon om bord.
Om bord er det stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift.
Det er også utstyr frå ein rekke norske leverandørar - som Yanmar, Siemens, Brunvoll, Carsoe, Pam Ref., Mustad, Evotec, Storm, Cflow, Florvaag, Pelagia, Sunncom og Smådal Mekaniske.
Publisert: 23.02.2026 15:10
Sist oppdatert: 23.02.2026 15:10






