Paul Harald Leinebo Mehmet Gazioglu Foto Leinebris
– KJEMPEDAG: Leinebris-reiar Paul Harald Leinebø saman med Mehmet Gazioğlu, som er dagleg leiar ved Tersan Shipyard. Verftet er i rute med nybygget. Foto: Leinebris.
Nytt

Sjøsette nye Leinebris: – Har vore ein kjempedag

Bygginga i Tyrkia er i rute. Reiarlag, bankar og offisielle representantar med på markering.

Marius Rosbach
29.11.2024

Fredag var det høgtideleg seremoni for sjøsettinga nye Leinebris ved Tersan-verftet i Tyrkia. 

Representantar for Herøy-reiarlaget var på plass og hovudaksjonær Paul Harald Leinebø fortel om ein god dag på alle måtar. 

– Båten flyter og det har vore ein kjempedag. Vi hadde besøk av representantar frå styresmaktene med talar og ein fantastisk seremoni, seier han til Nett No etter arrangementet. 

Dei kring 5000 verftsarbeidarane deltok også på markeringa då skroget kom på vatnet. 

Leinebris sjosett med folk Tersan foto Leinebris
PÅ VATNET: Her er dei norske representantane som var med på fredagens seremoni med nye Leinebris i bakgrunnen. Foto: Leinebris

I rute for levering til sommaren
Leinebø fortel at dei ligg godt an til levering av båten til sommaren som planlagd. 

– Vi er heilt i rute, og både verft og leverandørar held det dei lovar. Så langt ser det veldig bra ut, seier reiaren. 

Nye Leinebris sjosatt Tersan foto Leinebris
SJØETT: Her er nye Leinebris kome på vatnet etter sjøsettinga fredag. Foto: Leinebris

Styreleiar Åge Uran i Leinebris er den som følgjer byggeprosjektet tettast, og har vore på plass ved verftet for å følgje framdrifta. I tillegg har dei innleigde inspektørar. 

Paul Harald Leinebo Age Uran Tersan foto Leinebris
FØLGJER PROSJEKTET: Styreleiar Åge Uran (t.h.) følgjer byggeprosjektet ved Tersan-verftet. Fredag hadde han mellom anna besøk av Paul Harald Leinebø i samband med sjøsettinga. Foto: Leinebris.

Nyskapande båt
Nye Leinebris blir ein båt litt utanom det vanlege. Det er snakk om ein kombinert line-, garn- og snurrevadbåt med stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift. 

Dei blei jobba mykje med å nyttiggjere all energi som produserast om bord, og båten har elektrisk dekksutstyr og vinsjar.

Båten får ei lengde på 67,30 meter og ei breidde på 15 meter. 

Leinebris sjosetting Tersan Foto Leinebris
ÅLESUND-DESIGN: Båten som er teikna av Skipsteknisk i Ålesund får ei lengde på 67,30 meter og ei breidde på 15 meter. Foto: Leinebris

Designa av Ålesund-selskap
Nybygget er teikna av designselskapet Skipsteknisk i Ålesund, som også var med på seremonien i Tyrkia fredag. 

Det same var representantar frå Eksfin, Sparebank 1 SMN og Sparebank 1 Nordmøre, som har vore med å støtte prosjektet.

Fiskebåtreiarlaget Leinebris as er eigd av Paul Harald Leinebø i Herøy og Åge og Øyvind Uran med fleire på Averøya etter at dei to reiarlaga slo seg saman og bygde dagens «Leinebris» i 2015.

Nye Leinebris illustrasjon Skipsteknisk 11
LEVERAST TIL SOMMAREN: Slik skal nye Leinebris så ut når den er klar. Fiskebåten blir den første med svart design, etter at reiarlaget tidlegare har hatt blå båtar. Illustrasjon: Skipsteknisk

Publisert: 29.11.2024 12:03

Sist oppdatert: 29.11.2024 22:18

Mer om