Etter ei omfattande byggeperiode ved Tersan-verftet i Tyrkia, er no Nye Leinebris på veg heim. Det skriv Herøy-reiarlaget i ei melding der dei opplyser at dei har overteke båten.
– Vi er svært fornøgde med samarbeidet mellom verftet, leverandørane og designar Skipsteknisk, og ser fram til å få Leinebris i fiskeri, uttaler reiar og styreleiar Åge Uran i meldinga.
Han har vore med å fulgt byggeprosessen på nært hald og tilbrakt mykje av dei to siste åra på verftet. Den siste veka har både mannskap, samarbeidspartnarar og familie vore på plass for å sende fiskebåten heim.
Kan fiske med både line, garn og snurrevad
Nye Leinebris er blitt båt utanom det vanlege. Det er snakk om ein kombinert line-, garn- og snurrevadbåt, som også har fabrikk for filetproduksjon.
– Som femte generasjon linefiskarar er vi stolte over å bygge for framtida og føre historia vår vidare, uttaler reiar og dagleg leiar, Paul Harald Leinebø i meldinga.
I meldinga skriv reiarlaget at det har vore utfordrande å «løfte eit nybygg i tider med kvotekutt og dyrtid», men at dei er positive og klare til å brette om armane.

Fleire lokale leverandørar
Om bord er det stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift.
Det er også utstyr frå ein rekke norske leverandørar - som Yanmar, Siemens, Brunvoll, Carsoe, Pam Ref., Mustad, Evotec, Storm, Cflow, Florvaag, Pelagia, Sunncom og Smådal Mekaniske.
I tillegg til overbygde arbeidsdekk og dragebrønn, blir det ensilasjeproduksjon om bord, som gjer at all fisk blir fullt utnytta.
Det nye fartøyet har i tillegg RSW-tankar, slik at fisken kan pumpast levande om bord, blir det opplyst i meldinga.
Forseinka levering
Ifølgje den opphaveleg planen skulle nybygget leverast i fjor sommar eller tidleg haust.
Leinebø fortalde til Nett No i haust at dei ikkje har stressa med å få båten klar, og heller la vekt på at det blei gjort skikkeleg arbeid.
Publisert: 09.02.2026 10:37
Sist oppdatert: 25.02.2026 14:12






