Kort fortalt

Opna for søknadar til «ventilordning»

Ordning for bedrifter som fell utanfor krisehjelpa.

Marius Rosbach
18.03.2021

Fleire kommunar har no opna for at lokale bedrifter kan søke om krisehjelp grunna korona. Ålesund, Stryn og Ørsta er mellom kommunane som har opna for søknadar.

– Det er svært gledeleg at vi har fått desse midlane frå staten. Eg håper at dette vil hjelpe våre lokale verksemder som ikkje har fått stønad før og at dei no sender inn søknad. Vi ønsker eit varierande næringsliv som er med på å legge til rette for både næringsutvikling og samfunnsutvikling i vår kommune, uttalar næringssjef Inger Synnøve Remme i Ålesund i ei pressemelding.

Støtta skal fungere som ei ventilordning spesielt retta mot verksemder som ikkje får støtte gjennom dei andre krisetiltaka som er oppretta i samband med pandemien.

NETT NO har omtala korleis Sjøbua-restauranten i Ålesund har kome i ein vanskeleg situasjon som nystarta selskap. Det gjer at dei ikkje har krav på støtte frå ein del av dei andre ordningane som er oppretta.

Publisert: 18.03.2021 10:35

Sist oppdatert: 18.03.2021 10:37

Mer om