Snart mogleg å søke ny krisehjelp
Ålesund er mellom kommunane som har fått nye krisemillionar. NHO Reiseliv ber for reiseliv og serveringsbransjen.
Kommunar over heile landet får i desse dagar utbetalt friske pengar som skal gå til å hjelpe bedrifter som er råka av koronapandemien.
Det er Stortinget som har løyvd til saman 1,75 milliardar kroner slik at kommunane kan fordele pengane til lokale verksemder som er råka av smitteverntiltaka. Nokre av midlane blir holdt igjen for utdeling seinare, og kommunar med høg arbeidsløyse får mest.
Utgangspunktet for ordninga er å treffe bedrifter som har falle utanfor den andre krisehjelpa som er gitt frå styresmaktene. Kommunane får ansvaret med å fordele pengane fordi regjeringa meiner dei best kjenner utfordringane i sitt lokale næringsliv.
(Sjå oversikt over alle kommunane på Nordvestlandet under).
Ålesund kommune har får desidert mest av kommunane på Sunnmøre og Nordfjord med drygt seks millionar kroner. Mellom dei aktuelle søkarane, er Sjøbua-restauranten. NETT NO har omtala korleis bedrifta har falle utanom ordningane for kontantstøtte og lønnstilskott fordi dei er eit nystarta selskap.
Pengane er kome
Næringssjef Inge Synnøve Remme i Ålesund fortel at kommunen allereie har fått pengane. No vil dei jobbe så raskt som råd for å gjere midlane tilgjengelege for bedriftene.
– Vi jobbar med å få på plass kriteria for tildeling. Så snart det er på plass vil vi lyse dei ut, fortel Remme til NETT NO.
– Truleg vil vi nytte nettsida regionalforvaltning.no til å få inn søknadar. Det passer bra at vi får påfyll med pengar fordi midlane vi fekk i fjor sommer til eit ekstraordinært covid-19 næringsfond, er brukt opp. Det er flott at Stortinget er samde om å gi meir midlar til lokalt næringsliv, legg ho til.
Ber for servering- og reiseliv
NHO Reiseliv ber om at midla i første rekke går til bedrifter som blei råka av den nasjonale skjenkestoppen i januar og reiselivsbedrifter som ikkje får støtte frå den ordinære kompensasjonsordninga.
I eit brev som er sendt lokalpolitikarar, viser dei til at serveringsbedriftene blei stengt nærast over natta, og foreslår at utbetalingane til eksempel kan skje etter talet på tilsette.
NHO ber også om at det blir oppretta ein eigen pott til reiselivsbedrifter som av ulike årsaker ikkje har omsetning som gir dei rett anna hjelp. Til sist peikar dei på destinasjonsselskap som moglege mottakarar.
Dette får kommunane på Sunnmøre og Nordfjord:
- Ålesund 6.114.900
- Kinn 1.573.811
- Hareid 1.331.612
- Ørsta 992.249
- Volda 975.796
- Stad 872.205
- Sula 862.921
- Herøy 813.102
- Ulstein 788.560
- Giske 780.655
- Sykkylven 697.929
- Stryn 654.268
- Sande 601.946
- Gloppen 541.394
- Stranda 412.525
- Vanylven 285.863
- Fjord 250.000
Publisert: 03.03.2021 05:55
Sist oppdatert: 22.03.2021 12:55