Opna lagerhotell for sjømat
Coast Seafood i Måløy satsar på Gardermoen.
(NPK): Tysdag opna Oslo Seafood & Cargo Center (OSCC) det nye kjølelageret sitt like ved flystripa på Gardermoen.
– Vi har kapasitet til å handtere om lag 96 flybrett per time. Om vi automatiserer kan vi kome opp i nærmare 300, seier Roy-Egil Skredderberget, administrerande direktør i OSCC til Logistikk Inside.
Noreg eksporterer 220.000 tonn sjømat, i hovudsak laks, luftvegen via Gardermoen. Dette svarar til rundt 600 tonn kvar einaste dag, fordelt på reine fraktfly og i lasteromma i passasjerfly.
For å halde fisken kald blir det også eksportert store mengder is. No kan ismengda reduserast betydeleg med det nye kjølelageret på Gardermoen, sidan flykonteinarar ikkje lenger treng å bli oppbevarte utandørs, ofte i timevis i solsteiken, før dei blir lasta inn på flyet.
OSCC disponerer eit areal på 15.000 kvadratmeter, eit areal som kan utvidast om det blir behov for det.
Selskapet, som omset for 108 millionar kroner i 2021, er eigd av Coast Seafood i Måløy.
(©NPK)
Publisert: 07.06.2023 14:57
Sist oppdatert: 07.06.2023 14:57