(NPK): Raudåte kan bli den neste store norske havressursen, trur Fiskeridirektoratet. Dei ønskjer å opne for eit avgrensa kommersielt fiske.
Det er mykje raudåte i Norskehavet, og etter mange år med forsøksfiske tilrår Fiskeridirektoratet no at det vert opna for ordinært fiskeri. Tilrådinga blir grunngjeven med at det er stort behov for marint råstoff både til fiskefór og til menneskeleg bruk.
– Forvaltinga må basere seg på at raudåte er ein nøkkelart i økosystemet. Raudåte er svært viktig føde for ei mengd viktige fiskeslag. Den må difor regulerast i eit føre var-perspektiv. Det vil i tillegg vere avgjerande at fisket etter raudåte ikkje skal utgjere eit trugsmål mot egg, larvar og yngel av sentrale fiskeslag som vert transportert nordaustover i kyststraumen, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord om tilrådinga.
Av omsyn til sårbare bestandar som til dømes kysttorsk, vil all hausting av raudåte innanfor grunnlinene bli forbode. (©NPK)

Publisert: 12.05.2016 10:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46