(NPK-NTB): For første gong på over 20 år blir det opna for oljeleiting i heilt nye leiteområde. Tre av ti nye utvinningsløyve gjeld det nyopna området i Barentshavet utanfor Aust-Finnmark.I den 23. konsesjonsrunden tilbyr Olje- og energidepartementet 13 selskap delar i til saman 40 blokker fordelt på ti nye utvinningsløyve.– I dag startar eit nytt kapittel i norsk petroleumsverksemd. For første gong på over 20 år skal vi utforske heilt nye leiteområde. Dette vil vere med på å legge grunnlaget for lønsame arbeidsplassar og bidra til vekst og verdiskaping i Noreg. No er det Nord-Noregs tur til å skrive dei neste kapitla i det norske petroleumseventyret, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).Fem av dei 13 selskapa som får tilbod om delar, får også operatørskap. Dette er Statoil, Capricorn Norge AS, Centrica Resources (Norge) AS, Det norske oljeselskap ASA og Lundin Norway AS. (©NPK)
Publisert: 18.05.2016 16:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46





