Frå og med i dag vil nesten alle skattekontor der du kan få gjennomført ID-kontroll vere opne for publikum som har bestilt time, opplyser Skatteetaten.
Av skattekontora som no opnar er Ålesund, Ulstein og Nordfjordeid.
Det vil foreløpig berre vere mogleg å bestille tid for utanlandske statsborgarar som skal søke om skattekort for første gong, for norske og utanlandske statsborgarar som skal melde innflytting til Noreg, eller dei som må møte personleg for å bekrefte farskap.
Skatteetaten starta 18. mai ei gradvis gjenopning av skattekontora for publikum. Kontora er no opne for timebestilling for tenester som krev fysisk oppmøte.
− Vi opna først opp 18 kontor. Dette har gått bra og eg er glad for at nesten alle kontor som tilbyr tenester som krev fysisk oppmøte no er opne for publikum. Det er viktig for Skatteetaten å sikre at tenester som er viktig for publikum og for samfunnet no er tilgjengeleg for dei som treng dei, seier divisjonsdirektør for brukardialog i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.Ho legg til at dei som skal møte opp på skattekontoret må bestille time på førehand.
Skattekontora er ikkje opne for andre tenester.

Publisert: 02.06.2020 10:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26