Kort fortalt

Opnar Valldal-hotell i helga

Camping-par med ny tilvekst.

Marius Rosbach
08.07.2022

Til helga opnar Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri Sylte Hotel i Valldal, ifølgje Sunnmørsposten.

Paret har satsa millionar på ulike reiselivsverksemder og hatt planar om å opne det historiske hotellet sidan dei kjøpte det i 2018.

Saman driv paret også Volsdalen Camping i Ålesund, Sjøholt Camping på Sjøholt, i tillegg til Valldal Gjestgiveri i Valldal. Uri-familien eig og driv også Valldal Camping, der langtidsleigande campingvogngjestar er hovudinntektskjelda.

Volsdalen Camping og Sjøholt Camping har halde stø kurs gjennom koronapandemien, medan drifta av Valldal Gjestgiveri har hatt minus i rekneskapen dei siste åra. Årsaka er at kostnadene med å pusse opp Sylte Hotell er tatt i det seskapet.

(sjå resultattabellar under)

Volsdalen Camping


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
4,6
4,6
Driftsresultat
1,5
1,8
Resultat etter skatt
1,5
1,7
Sjøholt Camping

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
2
2
Driftsresultat
0,7
1
Resultat etter skatt

0,6

0,8
Valldal Gjestgiveri

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
0,2
0,4
Driftsresultat
-0,8
-0,65
Resultat etter skatt

-0,8

-0,65

Publisert: 08.07.2022 15:15

Sist oppdatert: 08.07.2022 15:23

Mer om