Kort fortalt

Oppmoda til forlik i Kleven-søksmål

Dommaren bad partane snakke saman.

15.11.2023

Dommaren som skal ta stilling til søksmålet mot den tidlegare Kleven-eigaren i Hordland tingrett, bad tysdag partane om å forsøke komme til eit forlik.

Det skriv Sunnmørsposten.

– Eg oppmodar partane om å snakke saman. Det er ei viss sannsynlegheit for at ein dom i denne saka vil gå til Gulating lagmannsrett. Det vil bli brukt mykje ressursar og tid. Det er gode advokatar på begge sider, og det er ei kjensgjerning at ein har ein tendens til å overvurdere si eiga side, sa tingrettsdommar Gard-Håvard Røren Sem-Onarheim før retten blei heva tysdag.

Dommaren viste også til at Div Group er under konkursvern i heimlandet, og at Debeljak har avgrensa økonomiske ressursar.

Buet etter Kleven-konkursane saksøkte kroaten først for 168 millionar kroner, men har redusert kravet under rettssaka.

Publisert: 15.11.2023 12:06

Sist oppdatert: 15.11.2023 12:06

Mer om