Runar Haugen Knut Steinnes Rufo Foto
FEKK STØTTE: Seniorrådgivar Runar Haugen i Innovasjon Norge, saman med Rufo-sjef Knut Steinnes. Foto: Rufo
Kort fortalt

Optimist etter Barcelona-messe

Rufo satsar på utlandet.

09.02.2024

Rufo i Hovdebygda har spesialisert seg på transportkasser, spesielt for kulturbransjen.

Etter å ha deltatt på lyd- og lysmessa i Barcelona er dagleg leiar og medeigar Knut Steinnes optimistisk til at selskapet skal vinne innpass i utlandet.

- Potensielle kundar og distributørar frå 33 land besøkte messestanden, og vi har akkurat kome heim med over 100 lovande leads. No startar arbeidet med internasjonalisering, seier han i ei pressemelding.

Ørsta-selskapet fekk støtte frå Innovasjon Noreg til å delta på Barcelonamessa og Innovasjon Noreg skal også hjelpe Rufo i arbeidet med å bli ei eksportbedrift.

Publisert: 09.02.2024 10:08

Sist oppdatert: 09.02.2024 11:08

Mer om