Kort fortalt

Ordførar gir opp 150 oljejobbar

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) gir opp kampen for 150 Statoil-jobbar i Florø.

Ivar Myklebust Longvastøl
05.12.2013
Statoil forsyner i dag dei store oljefelta på Tampen-området i Nordsjøen, som Statfjord A, B og C, Gullfaks A, B og C, Kvitebjørn, Huldra og Veslefrikk, og Snorre A og B og Visund, frå Fjord Base i Florø.

Berre tre igjen

Berre dei tre sistnemnde vil i framtida få materiell og varer frå Florø, fordi dette står klart og tydeleg i konsesjonsvilkåra frå Stortinget.
Resten vert flytta til Mongstad innan 2016, som resultat av at Statoil effektiviserer og skal kutte kostnader.

Sterke protestar

Avgjerda har ført til sterke protestar i Flora og Sogn og Fjordane. Ein rapport som PricewaterhouseCoopers har laga for fylkeskommunen, viser at 150 av 550 arbeidsplassar på oljebasen Fjord Base vil ryke. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) påpeikar at dette også vil råke underleverandørar slik at det reelle talet vert mykje høgare.
Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) vil ikkje gripe inn.

Resignert ordførar

– Eg trur nok at den avgjerda Statoil har teke vil bli ståande, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen til .

Gir ikkje opp

Partifelle og første varamann til Stortinget for Høgre, Bjørn Hollevik, har derimot ikkje gitt opp.
- Dette skal vi jobbe med fram til 2015, og vi vil framheve meirverdien Statoil har ved å vere i Florø, seier Hollevik, som er leiar i Flora Industri- og Næringsforeining og driftssjef i Safari Engros som er ein stor leverandør til Statoil, med ein omsetnad på 177 millionar kroner i fjor.

Publisert: 05.12.2013 20:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22