Kort fortalt

Oslo er vekstvinnar

Av 68.000 nye jobbar kom 27.400 i Oslo.

12.08.2019
NPK-NTB: 121 kommunar har tapt til saman 10.000 arbeidsplassar sidan 2015.
Brorparten av veksten i private jobbar skjer i storbyar, og Oslo er den suverene vinnaren. Samtidig gjekk 10.225 jobbar i småkommunar tapt mellom 2015 og 2018.
Totalt vart 68.000 jobbar skapte på fastlandet i perioden, medan 9.000 jobbar gjekk tapt på sokkelen, skriv , som viser til tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Av dei 68.000 jobbane vart heile 27.400 skapte i Oslo. Neste på lista er Ullensaker (2.861), Skedsmo (1.921), Trondheim (1.852) og Tromsø (1.722).

Publisert: 12.08.2019 08:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33