(NPK): Koronakrisa har ført til at over 40 offshoreskip har blitt lagt i opplag. I bransjen er det framleis mykje uvisse.
Fleire skipsmeklarar seier til at dei no ser litt lysare på situasjonen, men strekar under at situasjonen framleis er vanskeleg.
Blant offshorereiarlaga er det ulike oppfatningar om synet på framtida.
– Viss vi er veldig snille, så kan vi sjå litt betring framover, seier konsernsjef Mons Aase i offshorereiarlaget DOF til avisa.
Kollegaen hans, konsernsjef Jan Fredrik Meling i Bømlo-reiarlaget Eidesvik Offshore, deler ikkje den same varsame optimismen. Han meiner krisa ein no er inne i er ein del av noko større og at det er mykje uvisse både på kort og lang sikt.
– Eg var med på krisa i offshore på slutten av 80-talet. Då var det ingen som stilte spørsmål ved om olje skulle vera ein viktig energiberar i framtida. Det vi no ser, er ei kapitalflukt frå olje og gass, seier han.
(©NPK)

Publisert: 09.06.2020 16:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26