Overlevande etter Ervik-forliset til land
Fire frå mannskapet er framleis sakna.
(NPK-NTB): Dei 14 personane som overlevde då at det norskeigde skipet Argos Georgia forliste utanfor Falklandsøyane tysdag, er no frakta til land.
Det opplyser styresmaktene på Falklandsøyane i eit presseskriv, ifølgje Fjordenes Tidende.
13 av dei overlevande kom med båten FPV Lilibet til hovudstaden Stanley, medan den siste kom med ein annan båt. Alle dei overlevande er sjekka ved eit lokalt sjukehus – og innkvartert i hovudstaden.
Dei ni omkomne som er funne etter forliset, er også sende til Stanley. Søket for å finne dei fire som enno er sakna, vart gjenoppteke onsdag.
Det er så lang uklart kva som forårsaka forliset.
Det var tysdag ettermiddag det vart kjent at skipet hadde gått ned. Dei som var om bord, hadde då redda seg over i flåtar. Ingen av mannskapet var norske statsborgarar. Båten er eigd av Ervik Havfiske, som held til på Stadlandet.
(©NPK)
Publisert: 26.07.2024 08:54
Sist oppdatert: 26.07.2024 08:54