NPK-NTB: Fregattane til Forsvaret er under angrep av muggsopp som fører til helseplager hjå store delar av mannskapet.
Ifølgje har problema med muggsopp vorte så omfattande at heile 70 prosent av mannskapet på KNM Fridtjof Nansen har til dels store helseplager.
Nettstaden skriv at blomstringa av muggsopp særleg har vore gjeldande på bu-, sanitær- og bysse-område, men også lagerrom og vaskeri har fått påvist muggsoppførekomst. Det er òg mistanke om muggsopp i ventilasjonsrøyra.
Ifølgje marinesjef Rune Andersen blir det no sett i verk tiltak, mellom anna full reingjering av lugarar og ventilasjonsanlegget.
Problema kan sporast tilbake til september 2016, ti år etter at dei fem fregattane vart leverte frå Spania.

Publisert: 03.04.2020 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28