Kort fortalt

Pakkereiser gir turistvekst

Noreg bør satse meir på pakkereiser for turistar, meiner forskarar.

05.04.2016
(NPK): I ein ny rapport peikar forskarane ved Handelshøgskulen i Søraust-Noreg og Agderforsking på at pakkereiser vil vere eit godt tiltak for å få fleire turistar til Norge, skriv . Det kan styrke konkurransekrafta vår, konkluderer forskarane.
Mange europeiske turistar synest nordlys og midnattssol verkar like eksotisk som å reise på safari i eit afrikansk land. Og jo meir eksotisk reisemålet er, desto meir aktuelt blir det å kjøpe ferien i form av ei pakkereise.
I studiane har nesten seks tusen britiske, nederlandske og tyske turistar svart på korleis dei planla og bestilte den siste feriereisa si. Dei som kjøpte ferien som pakkereise, oppgav at det er meir trygt, enkelt og føreseieleg.Hurtigruta er blant dei som har auka pakkesalet på reiser, der kvar tredje reisande bestiller pakke i form av flyreise eller hotell i tillegg.
– Turistane kan også bestille 60 ulike utflukter og aktivitetar om bord, på nett, via agentar eller via vårt eige bestillingskontor, seier pressekontakt Stein Lillebo hjå Hurtigruta.Mange turistar seier også at det er meir oversiktleg økonomisk å kjøpe noregsferie som ei pakke. Dette gjeld spesielt turistar som ikkje har vore i Noreg før, eller som ikkje er så erfarne med å planleggje reiser sjølv.
– Potensialet for å få meir sal er klart til stades ved å satse på å utvikle attraktive pakker, seier fyrsteamanuensis Marit Gundersen Engeset ved Handelshøgskulen ved Høgskulen i Søraust-Noreg til forskning.no. Ho har gjort studien saman med Ellen K. Nyhus ved Agderforsking.

Publisert: 05.04.2016 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47