Kort fortalt

PE Bjørdal hadde 87 mill. i gjeld

Volda-advokat er bustyrar.

Marius Rosbach
25.05.2023

Advokat Jørund Knardal er oppnemnt som bustyrar i konkurssaka med PE Bjørdal.

Det er klart etter at Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i selskapet torsdag.

I rettspapira kjem det fram at selskapet hadde kring 87 millionar kroner i gjeld. Samtidig kjem det fram at det er verdiar for kring 62 millionar i firmaet.

Fiskeindustrileverandøren melde som kjent oppbod onsdag og fleire enn 75 tilsette misser jobben. Både den tidlegare leiinga og dei tilsette har håp om ny drift i lokala i Hovdebygda.

Første skiftesamling i saka er 4. juli.

Meir om PE Bjørdal-konkursen:

Publisert: 25.05.2023 14:45

Sist oppdatert: 25.05.2023 14:49

Mer om