Pe Bjørdal montasje Bjørn Meek Foto Ogne Marius 11
GODE KORT: At PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek og styreleiar Jan Sigve Søvik eig bygg og anlegg i Hovdebygda gjennom eit eige selskap, gir dei fordelar i kampen for å skape ny drift. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Eig sjølv bygg og anlegg i konkursråka bedrift

Leiinga i PE Bjørdal har nokre gode kort på handa i kampen om å få i gang ny drift.

Marius Rosbach
25.05.2023

Onsdag kom nyheita om at fiskeindustrileverandøren PE Bjørdal i Ørsta er konkurs. Fleire enn 75 tilsette er råka, og dei skal torsdag møte bustyrar og NAV for å få vite kva dei kan vente seg framover.

I avskjedsmeldinga til PE Bjørdal-leiinga vart det samtidig tend eit håp om ny drift.

Styreleiar Jan Sigve Søvik fortel til NETT NO at dei ikkje har nokon konkrete planar i dag, men at dei har håp om at det kan bli skapt ny aktivitet.

- No er det først bubehandling. Så må det vurderast når alt er rydda og bustyrar er ferdig med sitt, om det kan dannast grunnlag for ny drift i lokala, skriv han til i ei tekstmelding.

Bygg og anlegg ikkje råka
Eigarforholda kring bygget og anlegget til bedrifta er ein stor fordel i kampen for at bedrifta skal gjenoppstå.

Det er styreleiar Søvik og PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek som eig eigedomen gjennom selskapet Torvmyrane 21 As, som er adressa til bedrifta i Hovdebygda.

Det betyr at bygningane, maskinar og anlegg ikkje blir råka av konkursen. Om det hadde vore tilfelle ville «inngangsbilletten» til ny drift blitt langt høgare – og sjansen langt mindre.

Søvik stadfestar at selskapet eig tomta, bygget og anlegget – medan Sparebank 1 SMN har pant i PE Bjørdal sine fordringar og varelager.

Banken har óg pant i bygget som avgrensar fordelen ved å eigarskapen. Det krev at banken gir grønt lys for eit opplegg for vidare drift.

(saka held fram under)

PE Bjørdal arbeider Foto PE Bjørdal
MARKNADSSVIKT: Fiskeindustrileverandøren PE Bjørdal har opplevd svikt i marknaden i Russland og norsk oppdrett det siste året. Samtidig blir auka kostnader trekt fram som årsak til at bedrifta melder oppbod. Foto: PE Bjørdal

Håpar på ny drift
Hovudtillitsvalt Kenneth Strand og dei andre tilsette håpar naturleg nok på ny drift, og at flest mogleg får behalde jobbane sine.

– Om marknaden snur, så vil det fort vere ei opning for meir aktivitet, sa han til NETT NO onsdag.

Også PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek skal ha vore tydeleg i møte med dei tilsette, om at han ville kjempe for vidare drift.

Styreleiaren vil ikkje no seie meir om kva han tenker om moglegheitene.

– Det vil nok ta tid, og eg kan per i dag ikkje spekulere noko vidare i det, skriv Søvik.

Fekk tilført ny kapital i vinter
Styreleiaren leverte oppbodsmeldinga til Møre og Romsdal tingrett onsdag, men konkursen vart ikkje formelt opna då. Det vil truleg skje tidleg torsdag.

Då blir det óg oppnemnt ein bustyrar som vil sette seg inn i saka, og sjå korleis verdiane kan sikrast til fordel for kreditorane.

Ettersom bygg og eigedom ikkje høyrer innunder det konkursråka selskapet, er det truleg ikkje snakk om store summar. Seinast i vinter fekk PE Bjørdal tilført ny kapital – etter NETT NO sin vurdering – kring 25 millionar kroner.

Då håpte dagleg leiar Bjørn Meek at dei skulle vere rusta for framtida – men påpeika samtidig at mykje framleis var usikkert.

Møtte motgang på fleire hald
Fiskeindustrileverandøren som seinast for halvanna år sidan hadde solid ordrebok og lyse framtidsutsikter, har opplevd motgang på fleire hald siste året.

Mot slutten av fjoråret måtte dei seie opp 23 av kring 100 tilsette.

Først opplevde dei svikt i den russiske marknaden som følgje av sanksjonane etter invasjonen av Ukraina. Utpå hausten i fjor vart det bråstopp i nye leveransar til norsk oppdrett, etter at forslaget om lakseskatten blei lagt på bordet.

Samtidig blir auka kostnader og store tap på fleire prosjekt trekt fram som årsaker til at bedrifta melde oppbod.

Publisert: 25.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.05.2023 22:49

Mer om